Hei på dei!
Eg har nå lest ut boka "Perfekt Kjemi". Før eg byrjar å gjere reie for om eg likte boka eller ikkje, skal eg skrive litt om kva som skal til for at eg skal like ei bok.
Eg vil ha kjærlighet. Det står aller høgast på lista mi! Spenning og humor har også mykje å seie om boka er god eller ikkje. Eg likar når bøker er litt utforutsigbare, og at noko endå betre og meir kreativt skjer istedet for det eg trur kjem til å skje. Sjølv er eg ingen fan av fantasi bøker, og likar best realistiske hendingar. Det gjer det lettare for meg å leve meg inn i bokas handling.
Noko anna eg setter stor pris på sjå ei bok, er at den får meg til å vise følelser utan å måtte presse dei fram. Når eg les elskar eg å smile og gråte ei tåre eller to mens eg får frysningar på heile kroppen. Då er boka god.
Så er spørsmålet... likte eg "Perfekt Kjemi"?
JAAA! Det er vel så å seie ei av dei beste bøkene eg nokon gong har lest! Fantastisk skrevet og inneholdt både spennning og humor, og ikkje minst sjølvaste kjærligheten. Masse kjærlighet! Eg har lest og lest, og atter lest. Eg har til og med smilt til eg fekk vondt i kinna, grått til maskaraen rant og blitt sint nok til å rive boka i to. Jah, slik går det når eg likar ei bok.
Anbefaler eg ho? Ja, og det på det høgaste til alle som er klar for ei romantisk- helte bok! Boka passer både til ungdom og vaksne, gutar og jenter (kanskje mest jenter). Jammen trur eg alle og einkvar kan lære litt av den. Og kven veit... kanskje det er di neste favorittbok?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar