19. nov. 2011

Oppbygging og forteljarmåte :)


Hei på dei! Nå er oppgåve 2 til boka me les i på veg. Eg er framleis storfornøgd med den ;)

I dette innlegget skal eg skrive litt om oppbygginga og forteljarmåten til boka mi "Perfekt kjemi". 

Romantikk og drama er hovud sjangarane til boka. Min måte å sjå det på er at dei to personer som me får eit innblikk i livet til, "hektes" saman. Dei får etterkvart følelser for kvarandre, meir enn dei nokon gong har hatt for nokon før.
Her er eit lite utdrag frå boka som viser at dei er hekta på kvarandre:

Alex: "Gårsdagen passerer revy. Bildet av Brittany, leppene hennes mot mine, den søte pusten blanda med min, er det eneste som fester seg."

Brittany: "Jeg skal glemme at Alex og jeg kysset hverandre, selv om jeg var våken hele natten og spilte det om og om igjen i tankene."

Som eg skreiv i det andre innlegget mitt er det brukt eg-forteljar. Dette gjer det mykje meir personlig, og det føles som om eg kjenner begge hovudpersonane godt. Eg synest det er den beste forteljarmåten, og den passer perfekt til boka!
Det er 57 kapittel i boka, halvparten frå Alex og den andre halvparten får Brittany. Det er og ein epilog til slutt. Kapitla er ikkje lenger enn fire til sju sider, noko som gjer det lett å lesa om du ikkje har så god tid. På den måten slepp ein å måtte lese sider om igjen for å huska hendinga. ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar