23. nov. 2011

Vurdering og sluttkommentar :o)

Hei på dei!
Eg har nå lest ut boka "Perfekt Kjemi". Før eg byrjar å gjere reie for om eg likte boka eller ikkje, skal eg skrive litt om kva som skal til for at eg skal like ei bok.

Eg vil ha kjærlighet. Det står aller høgast på lista mi! Spenning og humor har også mykje å seie om boka er god eller ikkje. Eg likar når bøker er litt utforutsigbare, og at noko endå betre og meir kreativt skjer istedet for det eg trur kjem til å skje. Sjølv er eg ingen fan av fantasi bøker, og likar best realistiske hendingar. Det gjer det lettare for meg å leve meg inn i bokas handling. 

Noko anna eg setter stor pris på sjå ei bok, er at den får meg til å vise følelser utan å måtte presse dei fram. Når eg les elskar eg å smile og gråte ei tåre eller to mens eg får frysningar på heile kroppen. Då er boka god.

Så er spørsmålet... likte eg "Perfekt Kjemi"? 
JAAA! Det er vel så å seie ei av dei beste bøkene eg nokon gong har lest! Fantastisk skrevet og inneholdt både spennning og humor, og ikkje minst sjølvaste kjærligheten. Masse kjærlighet! Eg har lest og lest, og atter lest. Eg har til og med smilt til eg fekk vondt i kinna, grått til maskaraen rant og blitt sint nok til å rive boka i to. Jah, slik går det når eg likar ei bok.

Anbefaler eg ho? Ja, og det på det høgaste til alle som er klar for ei romantisk- helte bok! Boka passer både til ungdom og vaksne, gutar og jenter (kanskje mest jenter). Jammen  trur eg alle og einkvar kan lære litt av den. Og kven veit... kanskje det er di neste favorittbok?

Terningkast: 6 sjølvsagt! :)

19. nov. 2011

Oppbygging og forteljarmåte :)


Hei på dei! Nå er oppgåve 2 til boka me les i på veg. Eg er framleis storfornøgd med den ;)

I dette innlegget skal eg skrive litt om oppbygginga og forteljarmåten til boka mi "Perfekt kjemi". 

Romantikk og drama er hovud sjangarane til boka. Min måte å sjå det på er at dei to personer som me får eit innblikk i livet til, "hektes" saman. Dei får etterkvart følelser for kvarandre, meir enn dei nokon gong har hatt for nokon før.
Her er eit lite utdrag frå boka som viser at dei er hekta på kvarandre:

Alex: "Gårsdagen passerer revy. Bildet av Brittany, leppene hennes mot mine, den søte pusten blanda med min, er det eneste som fester seg."

Brittany: "Jeg skal glemme at Alex og jeg kysset hverandre, selv om jeg var våken hele natten og spilte det om og om igjen i tankene."

Som eg skreiv i det andre innlegget mitt er det brukt eg-forteljar. Dette gjer det mykje meir personlig, og det føles som om eg kjenner begge hovudpersonane godt. Eg synest det er den beste forteljarmåten, og den passer perfekt til boka!
Det er 57 kapittel i boka, halvparten frå Alex og den andre halvparten får Brittany. Det er og ein epilog til slutt. Kapitla er ikkje lenger enn fire til sju sider, noko som gjer det lett å lesa om du ikkje har så god tid. På den måten slepp ein å måtte lese sider om igjen for å huska hendinga. ;)

9. nov. 2011

Personkarakteristikk :)

Heisann! Nå er den første oppgåven her på bloggen komen. Me skal altså skrive litt om personkarakteristikken til hovudpersonen(e) i boka me les i. Og som eg har skrevet tidligere leser eg boka "perfekt kjemi".
So... here we go ;)

Det er to hovudkarakterar i boka- Brittany og Alex. 

Brittany er høy, slank, blond, rik, populær, sjølvsikker, og englebarn. Men det er bare det som ho visar til verda. Innerst inne sjuler ho følelsane sine, og er ikkje serlig sikker på seg sjølv. Ho er veldig opptatt av å ha det perfekte rykte.
Men Alex er farlig nær med å øydeleggja statusen hennar, og her er eit eksempel på nettopp det:
"Da jeg møter blikket hans der vi sitter og stirrer på hverandre, stopper tiden. Blikket gjennomborer mitt, og jeg kunne sverge på at han i dette øyeblikk ser meg som den jeg egentlig er. Uten arroganse, uten fasaden påklistret. Bare Brittany."

Alex derimot, er den strake motsetning til Brittany. Han er tøff, barsk, meksikansk, muskuløs, iskald, mystisk og ufølsom. Men også han er ein litt annleis person under skalet. Sjølv om han gjer inntrykk av at han hatar Brittany, er han egentleg veldig fasinert av jenta, noko han ikkje nevner for nokon! Her viser han litt av følelsene hans:
"Jeg kunne bare stikke  til vennene mine. Visst faen, jeg burde stikke til vennene mine. Men jeg har en dustete trang til å finne ut hvorfor Brittany ikke har møtt opp. Jeg sier til meg sjøl at det handler om selvtilliten min, men egentlig er jeg bekymra for henne."

Utover i boka trur eg begge vil bli meir opne og ikkje bare tenke på staus og rykte. Dei vil nok lære litt av kvarandre.
Synsvinkelen i denne boka er både frå Brittany og Alex sitt hode. Dei har ankver kapittel og har begge personal synsvinkel (eg forteljar).


4. nov. 2011

Boka mi ;D


Hei hei! Eg har nå lest eit stykke i boka mi. Etter mykje leiting etter ei bok av Nicholas Sparks i alle bokhandlerene på kvadrat, gav eg opp og kjøpte det nermeste som var. Og det var da ein kjærlighets roman av forfattaren Simone Elkeles. Boka heiter Perfekt kjemi, og er på 378 sider. Det er eit heilt perfekt sidetal for meg;)

Så her har eg slengt med eit bilde av meg og boka. Akkurat nå har eg lest 100 sider, noko som betyr at eg har komt godt i gang ;)

Hittil liker eg boka svært godt! Angrer ikkje på at eg valgte den!
Meir om boka kommer seinare :)